Informasjon til medlemmane våre.
 
Me har dessverre nokre litt triste nyheiter å dele.
 
På grunn av reglane knytt til spelemidlar har me frå og med etter sommaren ikkje lenger høve til å bruke Leikangerhallen til gruppetimane våre.
Heldigvis har me klart å finne ei god løysing, slik at me framleis kan tilby dette populære treningstilbodet til dykk – utan å måtte legge det ned.
Leikanger Ungdomslag har vore svært imøtekomande og tilbydd oss å leige ungdomshuset. Det er me utruleg takksame for, og denne løysinga gjer at gruppetreninga kan halde fram også etter sommaren.
 
Ein stor takk til Leikanger Ungdomslag for at de gjer dette mogleg! 👏
Me kjem tilbake med meir informasjon om oppstart, tidspunkt og praktiske detaljar når dette er klart.